Trekker motsegn til massetak i Igesund

Nyhende

Statsforvaltaren har trekt motsegna til planane om massetak i Igesund. Trekkinga er gjort etter at kommunen har imøtekome statsforvaltaren sine vilkår om å legge til rette for reetablering av naturtypen som går tapt i overgangen mellom naturbeite og kystlynghei i Igesund. I tillegg skal det settast i gang skjøtsel på delar av kystlyngheia på Kleiva.