Set frist for bindande handlingsplan på Moltu

  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Herøy brannvern er ikkje fornøgd med tilbakemeldingane om korleis Atlantic Seafood har tenkt å innfri avvika som blei avdekka under eit branntilsyn ved bedrifta på Moldtustranda. Kommunen skriv at vidare drift vil krevje store bygningmessige og tekniske utbetringar, og har gitt bedrifta ein frist til 26. januar med å legge fram ein ny og bindande handlings- og framdriftsplan for tiltaka.