Kjetil Bollestad blir ny dagleg leiar for Metizoft

Kjetil Bollestad tiltrer som ny dagleg leiar i Herøy-bedrifta Metizoft 1. februar 2022, opplyser Metizoft tysdag.
Nyhende

– Eg er takknemleg og gleder meg til å bli ein del av det kompetente Metizoft Group-teamet. Metizofts verdiar og bedriftskultur passar meg godt. Det blir spennande å ta del i arbeidet med å utvikle nye berekraftige tenester til den maritime industrien, som vil gi konsernet solide moglegheiter for ytterlegare vekst i åra som kjem, seier Bollestad i ei pressemelding.