Herøy får tildelt ny «turnuslege»

Nyhende

Herøy kommune har fått tildelt ein LIS1-lege, eller det som tidlegare blei kalla turnuslege. Det betyr at Dina Haile Kidane (27) kjem til Herøy som LIS1 1. mars i eit seks månader langt engasjement. Ei LIS1-stilling utgjer starten på eit spesialiseringsløp for legar og kan samanliknast med å vere «lærling» i medisin.