Alarmen ingen høyrer

Onsdag klokka 12 gjennomførte Sivilforsvaret si halvårlege testing av varslingsanlegga sine. Men i Sande og Herøy var det stille. – Det er myndigheitene som avgjer kvar det er behov for varsling, svarar Sivilforsvaret.

Varslingsanlegg: Ein tyfon, på folkemunne kalla flyalarm, på taket av Østbanehallen i Oslo. I fredstid testar Sivilforsvaret alle landets tyfonar to gongar i året, klokka 12 den andre onsdagen i januar og juni.  Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Nyhende

Klokka 12 onsdag 12. januar kunne mange nordmenn høyre varslingssignalet "Viktig melding - søk informasjon" frå til saman 1.274 tyfonar plasserte rundt om i Noreg.