Vil krevje støyvoll på Koparstad

Eit krav om støyvoll vil bli framsett dersom det skulle kome ei motocrossbane på Koparstad.

Koparstad: «Koparstad er ei perle som ikkje treng ei motocrossbane. Naturen er fantastisk og bør vernast."   Foto: Privat

Nyhende

Det slår Lene og Otto Jarle Lødemel fast i ein uttale dei no har sendt inn. Uttalen kjem etter at Ørsta-paret fyrst var utegløymde av kommunen som uttalepart i saka, då kommunen ikkje hadde registrert at dei var nye eigarar av den næraste hytteeigedomen til bana. Den førre eigaren av hytta ville ikkje ha nokon støyvoll, men det vil derimot dei nye.