Fiskarlags-veteran med røter til Herøy og sonen omkomne i tragisk ulykke i Gamvik:

- Ufatteleg trist, seier mangeårig kollega Knut Arne Høyvik

Mangeårig Fiskarlags-leiar Reidar Nilsen er antatt omkomen etter eit tragisk sjarkforlis i Gamvik søndag. Son hans er funnen død.

Reidar Nilsen deltok i november under Fiskarlagets landsmøte.  Foto: Jan-Erik Indrestrand/Norges Fiskarlag

Nyhende

Søndag vart Remi Andre Nilsen (43) funnen omkomen, medan Reidar Nilsen framleis er sakna – antatt omkomen. Søket starta etter at Hovudredningssentralen fekk ei bekymringsmelding i 9.30-tida søndag. Nokre timar seinare vart sjarken funnen på land.