Sotbrann i skorstein i Gjerdsvika

Nyhende

Sande brannvern har tysdag vore ein tur i Gjerdsvika og kontrollert ein sotbrann i ein skorstein. Brannen er sløkt og det vert no jobba med å kjøle ned og ta ut sot. Brannførebyggar vil bli varsla for kontroll av eldstad og skorstein, melder brannvesenet på Twitter.