Må svare om innreiing av naust Kalveneset

Statsforvaltaren ber Herøy kommune fylgje opp det som synest å vere eit ulovleg innreidd naust på Kalveneset.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal: Illustrasjon  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Statsforvaltaren ber Herøy kommune sjekke opp forholda rundt eit naust som er utlyst for sal på Finn.no. Av salsprospektet går det fram at naustet er innreidd som hytte, og har etter det Statsforvaltaren kan sjå ingen funksjon som naust.