Ekstremvêret Gyda på veg:

– Sjekk sluk og lause eigedelar!

Statsmeteorolog Eirin Walstad Ristesund frå Meteorologisk institutt ber folk førebu seg på mykje vêr dei komande dagane. Meteorologisk institutt varslar om ekstremvêr for regn onsdag og torsdag.

Ekstremvêret Gyda: No står farevarsla i kø. Onsdag og torsdag er det meldt ekstremvarsel for nedbør.  Foto: yr.no

Nyhende

Meteorologisk institutt har sendt ut raudt farevarsel for regn og snøskred dei komande dagane. Det blir også meldt om kraftig vind og oransje varsel på flaum og jordskred. Ekstremvêret Gyda er på veg mot kysten av Noreg.