Spår at fleire vil merke både rente- og straumprisauke på eigen privatøkonomi:

– Ikkje nøl med å ta kontakt

Rett før jul blei styringsrenta sett opp, og med det kjem renteauke i tillegg til høge straumprisar. Mange vil merke det på privatøkonomien.

Sparebanken møre-bank­sje­fa­ne: Lo­kal­bank­sjef Kjell Ove Vas­strand (t.v.) ved Lars­nes-kon­to­ret og lo­kal­bank­sjef Per Ro­nald Knutsen ved Fos­na­våg-kon­to­ret mei­ner beg­ge at eit av dei bes­te tip­sa for sunn per­son­leg øko­no­mi i tida fram­over er å kome i kon­takt med ein bank­råd­gi­var. Dess tid­le­ga­re dess bet­re. Ar­kiv­fo­to: Bjørn­ar T. Sævik 

vi oppmodar alle til å ta ein «økonomisk helsesjekk» med jamne mellomrom

Nyhende

16. desember blei styringsrenta sett opp med 0,25 prosentpoeng og ligg no på 0,5 prosent. Renteauke er eit sunnheitsteikn for den norske økonomien. Når sentralbanken også spår at renta skal stige ytterlegare i mars 2022, kan ein lese mellom linjene at framtidsutsiktene for økonomien vår elles også er gode.