Mange råka av Facebook-svindel i Herøy og Sande:

Ikkje gå i denne fella

Du bør vere skeptisk, sjølv til nære venner.

Etisk hac­kar: Mia So­fie Land­sem er fø­re­drags­hal­dar, forfattar, etisk hacker og «data­de­tek­tiv». Foto: Daniel Cristino/Lenzo Collective 

Nyhende

Folk flest har lært seg å vere skeptiske når dei får meldingar eller telefonoppringingar frå ukjende adresser, sosiale medium-profilar og telefonnummer. Men kva når meldinga kjem frå ein venn – og spørsmålet er heilt legitimt? Det siste har skjedd med særs mange sambygdingar i lokalsamfunnet den siste tida, og fleire har også opplevd å få Facebook-kontoane sine hacka. Mellom dei er kjende personar med svært mange kontaktar.