Herøy og Sande må utsetje vaksinetimar:

– Vi har eit etterslep på dose tre

Stadig fleire får eit tredje stikk i overarmen i desse dagar. Kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen i Herøy kan fortelje at vaksineringa går etter planen. Men han er stadig uroa over dei uvaksinerte.

Bjørn Martin Aasen: Kom­mu­ne­over­le­gen i Her­øy kan fortelje at vaksineringa går etter planen i Herøy. Arkivfoto: Bjørn­ar Torv­holm Sævik 

Nyhende

– Dose tre av koronavaksinen er samfunnsmedisinsk akutt hjelp. Det er den beste måten å hindre alvorleg sjukdom hjå eldre. Det som bekymrar meg mest er dei vaksne uvaksinerte mellom 25–45 år. Det er dei som no har størst risiko for alvorleg sjukdom, dette gjeld også omikron.