Leiar:

Viktig og bra miljøtiltak på gang

- Frivillig innsamling blir viktig også i åra som kjem, men klarer ein få til ein kombinasjon der det også kjem kommersielle bidrag med – som dette – er moglegheita større for å lukkast, skriv redaktør Endre Vorren.

Klare for å rydde: Odd Arne Arnesen, leiar i Fallgard Kystrenovasjon AS og Fallgard, og Ovidie Mari Lynge, prosjektansvarleg frå Runde Miljøsenter.  Foto: Runde Miljøsenter

Nyhende

Denne veka omtalar vi det nasjonale prosjektet «Rydd Norge» der to lokale verksemder har vunne fram i tilbodskonkurransen om ei større plastrydding i ytre Sande og store delar av ytre Herøy. Det er Runde Miljøsenter og nyoppretta Fallgard Kystrenovasjon som lokalt skal jobbe med initiativet som vert finansiert frå det private selskapet Handelens Miljøfond.


Runde Miljøsenter og nyoppretta Fallgard Kystrenovasjon AS deltek i…

Stor, nasjonal kyst-ryddeaksjon

«Rydd Norge» er Noreg sitt første nasjonale ryddeprogram, etablert og leia av Handelens Miljøfond. I spissen lokalt finn vi to Herøy-verksemder; Runde Miljøsenter og nystarta Fallgard Kystrenovasjon AS.


Det er både bra og viktig med eit slikt gjennomslag. Handelens Miljøfond baserer inntektene sine frå butikkar og kjeder som donerer pengar per plastberepose som går over disk. Slik sett er det nordmenn flest med og bidreg til å kunne finansiere ei rekkje fine miljøprosjekt langs kysten.

Det har vore gjennomført mange plastryddeprosjekt lokalt dei seinare åra, hovudsakleg basert på frivillige, men også støtta av reinhaldsverket og andre. Frivillig innsamling blir viktig også i åra som kjem, men klarer ein få til ein kombinasjon der det også kjem kommersielle bidrag med – som dette – er moglegheita større for å lukkast.

Vi som kjenner ytre del av kommunane, stripa med havet som næraste nabo, veit at her finst det mange vanskeleg framkomelege stadar. Felles for fleire av øyane er at det heller ikkje er bilveg ut mot havet, og då vert fraktejobben vanskeleg når ein først har kome over ein «fangst». Dermed vert båtfrakt, fokus på sikkerheit og kyndig assistanse frå folk som kan denne jobben, eit viktig supplement til frivillig innsamling på lettare tilgjengelege strender og viker.

Ein kunne også ønskje at det vert avsett meir offentlege midlar til slikt arbeid. Utan vedvarande arbeid – kall det gjerne sisyfosarbeid – veks nemleg plastmengdene dag for dag.

Handelens Miljøfond gir også 500.000 kr til vidare arbeid i organisasjonen Nettverk Marin Forsøpling Møre og Romsdal. Også det vil kome kampen mot plast i og ved havet til gode.