Fritt ord:

- Nok er nok, teknisk etat

- Eg har i fleire år med stor undring registrert korleis Sande kommune, teknisk etat, handtera saker der det er ueinigheit mellom naboar, skriv Bjørn Våge.

Fritt ord:   Foto: Bjørnar T. Sævik

Nyhende

Teknisk etat handterer saker slik at det forsterkar usemje og det lett vert konflikt mellom naboar. Problemet er først og fremst i tettbygde fritidsområde der det er tett mellom tomtene.

Eg tek i rekkefylgje:

Skare feriesenter, der regel nr. 1 i PBL er at grensene er klare i ein reguleringsplan. Teknisk etat fylgje ikkje lova og kravde at tiltakshavar for reguleringsplanen vart pålagt å påvise grenser mot nabo. Sande kommune nekta å ta ansvar, og grenser/grensegong ligg no i eit vakuum.

Toftesund, der det er føreteke ulovleg utbygging inntil og over grensa til naboane. Teknisk etat prøvar å kvitvaske dei ulovlege utbyggingane med ein ny reguleringsplan. NPM-utvalet godkjenner strategien? Det er naboane, som er uskuldige, som skal bere byrda.

Sjøbuer Sandshamn, der Teknisk etat gjev utbyggar grønt lys til utbygging sjølv om det skulle vere byggemeldt. Naboane protesterer, og statsforvaltaren er eining med dei. Teknisk etat råda utbyggaren til å byggmelde utbygginga slik den vert lovleg. NPM-utvalet godkjenner strategien? Naboane protesterer nok ein gong, og saka ligg no hos statsforvaltaren.

Mikkelholmen Sandshamn, der tomteeigarar krev fjerna litt av ei ombygging som kjem inn i vegen. Redusert breidde på vegen er i tilkomsten til heile naust- og sjøburekkja. Svaret frå teknisk etat er at vegane som var bygde for snart ein generasjon sida er ulovlege?

Teknisk etat har funne nokre kart i ein reguleringsplan som viser ein veg som ikkje stemmer med verkelegheita. Tomteeigarane vert pålagt eit bastant krav om å bygge ny veg, sjølv om eksisterande veg er vedteken av NPM-utvalet 2001. Det er ikkje tilvist til nokon heimel i lover eller om teknisk etat ved sakshandsamar har mandat til å krevje, bastant, dette på vegner av Sande kommune.

Teknisk etat krev i realiteten at store deler av Mikkelholmen skal skytast opp og jamnast flat? Forstå det den som kan.

Teknisk etat prentar inn i alle tomteeigarane at føresegner og kart er juridiske bindande, men gløymer glatt at Sande kommune er største grunneigaren. Gløymer også at det er juridiske bindande når dei gjev lov til store fasadeendringar som er i strid med lova. Meiner å ha høyrt: Bygningane skal planleggast i høve til kvarandre og ha lik materiale og fargebruk.

Det er teknisk etat sin jobb å sjå til at saker er handtert etter lova.

Samla sett har eg eit spørsmål: Forventar teknisk etat at tomteeigarar eller folk flest skal ha større kunnskap til plan- og bygningslova enn fagetaten teknisk har?

Teknisk etat handterer her, sak etter sak på ein slik kritikkverdig måte at det er uskuldige naboar som må ta støyten for andre sine handlingar.

Sande kommune, teknisk etat og NPM-utvalet har eit frynsete rykte når det gjeld å handtere ein del saker der naboar vert skadelidande. Her må ei haldningsendring til, om so det må takast opp på høgare politisk nivå i lag med rådmannen.


Mikkelholmen:

Tilsvar frå Sande kommune

- Eg skal vere heilt klar på at den tilsette som har handtert dei nemnde sakene har utført sine plikter på vegne av kommunedirektøren, skriv kommunedirektøren.