Ulovleg vedtak, meiner Naturvernforbundet:

Klagar igjen på turstien

Naturvernforbundet godtek ikkje at folkehelse skal brukast til ukritisk bygging av turvegar der naturmangfaldet ikkje har godt av det.

Leikongeidet: Naturmangfaldlova har ikkje vore med i vurderinga, og difor meiner Naturvernforbundet at dispensasjonsvedtaket ikkje er lovleg.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Dette er det viktige poenget når Naturvernforbundet i Møre og Romsdal nok ein gong klagar på eit vedtak om den omsøkte turstien på Leikongeidet. Den nye klagen går på det ferske vedtak der MT-utvalet i Herøy kommune gir dispensasjon frå kommuneplanen for bygging av ein turveg frå parkeringsplassen og opp til Skaret på Leikongeidet.