Misforståing førte til "vass-anklage" mot privatperson

Nyhende

Fredag kveld låg det ein kort periode ute ein artikkel på Vestlandsnytt sine nettsider som vart fjerna. Ein privatperson i ei bygd i Sande hadde nemleg fått eit brev frå kommunen der det vart antyda at vedkomande ulovleg tappa kommunalt vatn ned i ein eigen brønn.

Grunneigaren fekk allereie før jul oppklart saka, med beklaging frå kommunen om at det heile var basert på ei misforståing. Det stemmer at det rann vatn frå ein kommunal vassleidning i området, men det har altså ingenting med vedkomande å gjere. Personen har rikeleg med privat vatn frå sin eigen brønn, og det er det ingen grunn til å verken tvile på eller endre på, forsikrar han.