Pandemien sette ein stoppar for take-away-satsinga til Willy Solvang i Fosnavåg:

- Måtte dra i handbrekket

Det begynte bra, men etter kvart som pandemi-restriksjonane vart strengare vart marginane for små for Willy Solvang si satsing på sushi og pizza i Fosnavåg.

Ei­gar og dag­leg leiar for Wil­ly’s Gour­met, Wil­ly Sol­vang, seier at satsinga i Fosnavåg ikkje blei lønsam nok og peikar på pandemien og restreksjonar som hovudgrunn til at det ikkje gjekk denne gongen. I Myrvåg går det derimot veldig bra.   Foto: Josefine Spiro

Nyhende

– Har ein 10 kroner og må bruke 13 blir det vanskeleg. Slik stoda var i Fosnavåg vart det rett og slett for lite omsetning som gjorde at eg måtte dra i handbrekket, forklarar Solvang til Vestlandsnytt om at han no legg ned Fosnavåg-satsinga.