Fødselstala frå 2021 er klare:

Rekordmange nyfødde i fjor

I fjor kom det heile 31 nye sandssokningar til verda, om lag ti fleire enn i eit normalår. I Herøy var fødselstala meir på det jamne gjennom fjoråret – eit år som på ny vart prega av pandemien.

Babyboom: Rekordmange nyfødde i Sande i 2021.   Foto: Endre Vorren (arkiv)

Nyhende

– Det har vore eit veldig godt år. 31 nyfødde er langt fleire enn dei siste åra, då det har kome til verda rundt 20 barn i Sande årleg. I tillegg har det kome eitt tilflytta barn, så til saman 32 nyfødde bur i Sande i dag.