2021 vart tidenes rekordår for nybilregistreringar i Noreg:

Elbil er førstevalet – også på søre

Ser du ein nyregistrert personbil køyre forbi på vegane i Sande og Herøy, er sjansen stor for at det er ein elbil. I 2021 var nemleg over 60 % av alle nyregistreringar i dei to kommunane heilelektriske bilar. Og trenden er den same i heile landet.

Nye rekordar: Stadig fleire kjøper elbil, også på søre Sunnmøre. Foto: Elbilforeningen 

Nyhende

– Elbil er definitivt førstevalet for nybilkjøparane i Møre og Romsdal. Det seier Rolf Ness, leiar i Møre og Romsdal elbilforeining.