Westing sin nye daglege leiar, Agathe Teige Eiksund, ser optimistisk på framtida:

– Vi veks både geografisk og i omsetning

Måndag denne veka tok Agathe Teige Eiksund over som dagleg leiar for Herøy-bedrifta Westing. No er blikket festa på framtida og vekstpotensialet til familieverksemda.

Generasjonsskifte: Agathe Teige Eiksund tek over etter faren Sigurd Teige som starta selskapet tilbake i 1981. Ho ser fram til å arbeide endå tettare i Westing, sjølv om ho allereie kjennar familieverksemda godt.  Foto: Westing

Eg har på mange måtar vakse opp saman med bedrifta.

Agathe Teige Eiksund
Nyhende

Teige Eiksund har over fleire år jobba med marknadsføring og administrasjon i Teige-konsernet. Ho har elles vore ein del av leiargruppa til Westing og kjenner derav målingsleverandøren godt.