Ulstein nærmar seg Herøy og Hareid

Etter ein kraftig auke i november, nærmar Ulstein seg no Hareid og Herøy sitt nivå i arbeidsløyse.

ARBEIDSLØYSA: Nedgang i fylket, men opp på Ytre Søre i november, melder NAV-direktør Stein Veland.  Foto: Presse

Nyhende

Herøy og Hareid har lenge lege på fylkestoppen i arbeidsløyse, men ser no ut til å få lag med Ulstein. Der auka nemleg talet på heilt arbeidsledige frå 117 til 158 personar siste månaden, noko som svarar til ein auke på 35 prosent.