Tilsett ved Sandetun er smitta

Omsorgssenteret er stengt for besøkande.

Covid-19: Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Ein tilsett ved Sandetun omsorgssenter skal fredag kveld ha fått påvist Covid-19-infeksjon.

Det opplyser Sande kommune i ei pressemelding.

Det vert laurdag sett i gang testing av personale og bebuarar, og omsorgssenteret er stengt for besøkande til og med måndag 6. desember.