Gursken idrettslag har starta opp allidrett

Innsendt

Utdeling av TEFT-midlar: Gursken IL fekk TEFT-midlar frå Sparebanken Møre til satsinga på allidrett. Onsdag kveld skjedde overrekkinga.  Foto: Gursken IL

Nyhende

Den nystarta allidretten er foreldrestyrt slik at alle foreldre sjølv får vere med å drive idretten.

Det kan vere foreldre der ute som har uante talent som kanskje kan vise seg i løpet av sesongen, kanskje har vi både ein klatrar og ein snowboardentusiast i foreldregruppa?

Målet med allidretten er at alle born får moglegheit til å prøve ut ulike aktivitetar gjennom året. Til dømes symjing, klatring, tarzanløype, turn, hovudlyktstur og vinteraktivitetar. Og så håpar vi på å få til riding på nyåret.

Stort engasjement

Det er stort engasjement rundt dette. Både born og vaksne har det gøy og får nye erfaringar, og kanskje får ein oppleve at det ikkje er så skummelt å til dømes dra på klatring med borna.

Born treng å oppleve meistring for å drive med aktivitet, noko vi ser gjennom allidrett, der det ikkje er om å gjere å vinne, men å delta.

Gruppa i dag er på 33 born mellom 4–10 år.

TEFT-midlar

I samband med oppstart av allidrett i Gursken Idrettslag blei det søkt om TEFT-midlar frå Sparebanken Møre som er idrettslaget sin hovudsponsor. Onsdag kveld var det klart for overrekking av desse av Aadne Sandanger.

Desse midlane kjem godt med til utstyr som fleire born vil ha glede av i åra framover. Desse midlane er også heilt avgjerande for å ruste opp gammalt utstyr. Det gjer det også meir attraktiv å lage til ulike aktivitetar.

Vi i styret er svært glade for dette tilskotet. Utover dette har Sparebanken Møre tildelt midlar til GIL sitt arbeid med å etablere kanoar som vert tilgjengelege på Skogavatnet, for idrettslaget sine medlemmar.

Det er også tildelt midlar for å montere eit skilt over turar i Gursken og fjella rundt Gurskefjorden.