Fire av sju Covid-19-positive fredag er barn

Det er fredag meldt sju nye testar for Covid-19 i Herøy. Fire av dei gjeld barn i grunnskulealder.

Korona , Covid-19 

Nyhende

Oppdatering 3. desember kl. 23.00:

I løpet av kvelden er det meldt ytterlegare tre tilfelle av Covid-19 i Herøy, altså til saman sju tilfelle i dag, opplyser kommuneoverlegen i ei pressemelding. Ein av desse er elev i 4. klasse ved Moltu skule. Det er altså to elevar ved denne skulen som har testa positivt fredag. Skulen er informert, og det fastsette testopplegget vert gjennomført som planlagt.

Av den førebelse smittesporinga, ser det ut til at alle dei nye tilfella kan førast attende til utbrotet som starta 15.-16. november.

Det var, kl. 20.20 fredag, meldt om fire nye smittetilfelle i Herøy, der tre av dei er barn.

Det er sendt slik informasjon til elevar/føresette og tilsette ved skulane det gjeld:

Moltu skule, klasse 1. - 7.:

Ein elev i klasse 4 ved Moltu skule har i kveld testa positivt for Covid-19. Eleven fekk symptom på infeksjon i ettermiddag etter skuletid. Eleven var på skulen i dag. Det vert rådd til at elevar i klasse 3 og 4 tek planlagd test i morgon, ny test måndag morgon og onsdag morgon før skulestart. Øvrige elevar gjennomfører test som planlagt tidlegare. Alle elevar og tilsette er oppmerksame på symptom og testar seg då. Det vert rådd til redusert kontakt mellom elevane fram til etter 08.12.


Bergsøy skule klasse 7a:

Ein elev i klasse 7A testa i dag positivt for Covid-19. Eleven har ikkje vore på skulen sidan 30.11. Dei øvrige elevane i klassa er såleis ikkje definert som kontaktar til denne eleven. Det er ikkje naudsynt med eige testopplegg for denne klassa. Testing av 7b opphøyrer.


Bergsøy skule trinn 1:

Ein elev på trinn 1 har i dag testa positivt for Covid-19. Det vert rådd til at alle elevar på trinn 1 og alle andre elevar som var på SFO torsdag 02.12, vert testa måndag 06.12 og torsdag 09.12 før skulestart. Det bør og takast test dersom eleven får symptom på luftvegsinfeksjon i denne tidsperioden