Så sa kommunedirektøren...

– Eg klarer ikkje å trylle, men er glad for at de vil gjere det

Då formannskapet i Herøy samla seg for siste gong før 2022-budsjettet skal vedtakast neste veke, var majoriteten av politikarane tause om korleis dei vil prioritere budsjettpengane. Arbeidarpartiet signaliserer eigedomsskatt – utan fleirtal, men elles var der ingen signal frå andre parti om kva alternativa deira er.

Manglar Fleirtal: I formannskapsmøtet vedkjende ordførar Bjørn Prytz at konstellasjonen som har gått saman om å samarbeide i inneverande fireårsperiode ikkje har klart å samle seg om eit felles budsjett. Klarer dei det før neste vekes møte?  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Handsaminga tysdag starta med at kommunedirektør Trond Arne Aglen gjekk gjennom det som er kome av høyringsinnspel til formannskapet sitt forslag til budsjett og økonomiplan.