Ørnulf Opdahl har utsmykka Havila Capella - sjå bilete av kunsten

Når Havila Capella no i desember tek fatt på kystrutetrafikken skjer det med eit skip utsmykka av Ørnulf Opdahl.

Ørnulf Opdahl: Her på dekk om bord på Havila Capella. Foto: Havila Kystruten 

Nyhende

Kunstnar Ørnulf Opdahl har sett sitt preg på Havila Capella med oljemåleri, grafiske trykk og monotypiar i tillegg til mange keramiske fat, skriv Havila Kystruten i ei pressemelding.