Roger Halsebakk overlet Sølvtrans-roret til sonen Robin

Robin Halsebakk har teke over stillinga som dagleg leiar for brønnbåtreiarlaget Sølvtrans.

Tek over: Robin Halsebakk (t.h.) tek over som ny sjef i Sølvtrans-reiarlaget etter faren Roger (med barnebarnet Sander på armen). Her frå ein av mange dåpar. Vi ser Anja Halsebakk til venstre, saman med kaptein Arnt Johan Karlsen  Foto: Pressefoto

Nyhende

Han tek dermed over roret etter faren, gründer Roger Halsebakk. Sistnemnde går inn i rolla som ny styreleiar etter Anders Hvide i selskapet som har hovudsete i Ålesund.