Røykvarslardagen 1. desember:

På tide å sjekke røykvarslaren

Halvparten av alle dødsbrannar skjer i bustader utan fungerande røykvarsling. I Noreg er 500.000 røykvarslarar modne for utskifting kvart år.

Ein halv million nordmenn søv kvar natt utan fungerande røykvarslar. 1. desember er røykvarslardagen. I samband med det inviterer Oslo brann- og redningsetat pressa til brannøving på Lahaugmoen kurs- og kompetansesenter på Skjetten.  Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Nyhende

– Det tek frå 30 sekund til eitt minutt før røykvarslaren blir aktivert, og det tek fem minutt før ein brann i eit rom utviklar seg for fullt. På den tida er det framleis små sjansar for at brannvesenet har nådd fram, seier kommunikasjonssjef Sigurd Folgerø Dalen i brann- og redningsetaten i Oslo kommune til NTB.