Herøy vil verte del av "Ein syngande kommune"

Herøy kommune skal søkje «Krafttak for song» om å få bli ein av dei syngande kommunane.

Herøy mannskor: Eitt av kora i Herøy.  Foto: Arkiv / Josefine Spiro

Nyhende

«Krafttak for song» tilbyr kurs som er skreddarsydde for ulike aldersgrupper og behov. Sidan prosjektet starta i 2014, er åtte kommunar opptekne årleg. No har utvalet for næring-, kultur og idrett sagt ja til at kulturleiaren kan søkje deltaking frå Herøy kommune.