Kommuneoverlegen og kommunedirektøren i Herøy er svært bekymra:

Ber vaksne ta vaksineansvar: - No er det verkeleg alvor

- No må dei uvaksinerte vaksne ta ansvar for å ta imot tilbod om vaksinen for å beskytte seg sjølv og andre. Det er dei uvaksinerte vaksne som har vore drivarane av det pågåande smitteutbrotet i Herøy, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen i ei pressemelding onsdag.

Kommunedirektør Trond Arne Aglen og kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.   Foto: Herøy kommune

Nyhende

Det har vore jobba intenst med smittesporing og informasjon til innbyggjarane sidan starten på koronautbrotet 20. november. Smitten oppstod etter eit religiøst arrangement 15. og 16.11 i Herøy og har seinare skapt fleire forgreiningar som har ramma både skular og helseinstitusjonar. I tillegg har det kome mange smittetilfelle i nabokommunane våre.



– Det er ikkje lenger eit lokalt utbrot, men eit regionalt utbrot, understrekar kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen, som ikkje kan vere tydeleg nok på kor alvorlege konsekvensar dette kan få for den einskilde vaksne som ikkje har vaksinert seg.



Om lag 1000 over 16 år har ikkje tatt vaksine

Herøy kommune har om lag 7400 innbyggjarar over 16 år. Av desse har om lag 1000 ikkje teke imot tilbod om koronavaksine.

Smitteutbrotet i Herøy omfattar per no 56 personar. 37 over 18 år er smitta. Av desse er 15 uvaksinerte.

– Dei uvaksinerte bør kjenne si besøkelsestid og ta imot vaksinen no. Eg har understreka det gjennom heile pandemien, men no er det verkeleg alvor. Dei som ikkje tek vaksinen, tek sjansen på å verte alvorleg sjuke og smittar andre lettare enn dei som er vaksinerte. Intensivavdelingane på sjukehusa er i ferd med å verte overbelasta, poengterer Aasen med stort alvor.

Hundrevis droppar dose 2

I tillegg har Herøy kommune meir enn 400 personar over 16 år som har let vere å møte for å ta dose 2.

– Desse vil også stå i fare for å verte alvorleg sjuke fordi dei mistar vernet av første dosen. Eg oppmodar dei sterkt om å møte for å ta 2. dose snarast råd, legg Aasen til.

– Det er altså til saman kring 1400 personar over 16 år i Herøy som no kan reknast som uvaksinerte. Det er altfor mange, seier ein svært bekymra kommuneoverlege.

– Svært utfordrande

Situasjonen i Herøy er særs utfordrande, opplyser kommunen. Herøy har dårlegare vaksinasjonsdekking i aldersgruppa 25–39 år enn landet elles. Meir enn kvar femte i denne aldersgruppa har ikkje teke vaksinen i Herøy.

– Desse er foreldre sjølve, dei har foreldre og besteforeldre som er i risikogruppa, og dei er i arbeidslivet. Vi veit at får vi eit utbrot i desse aldersgruppene så vil smitten spreie seg fort til næringslivet, barnehagar, skular og institusjonane våre, seier Bjørn Martin Aasen.

Ein viktig ting som gjeld

Utbrotet følgjer same mønster som ein ser andre stadar: Det spreier seg til barn under 12 år, og deretter til ungdom.

– Barna vert heldigvis ikkje så sjuke som dei eldre, men dei smittar kvarandre i skule, barnehagar og ved sosial aktivitet, forklarar Bjørn Martin Aasen.

Herøy kommune er presiserer at det likevel er barna og foreldra deira som må bere tiltaka på sine skuldrer ved å måtte vere isolerte og gjennomføre omfattande testing. At skular, barnehagar, institusjonar og næringsliv får belasting, kjem i tillegg.

– Skal vi klare å hindre at dette gjentek seg og at fleire vert alvorleg sjuk, er det ein ting som gjeld: Vaksinering, understrekar kommuneoverlege Aasen.

Kommunedirektøren understrekar alvoret

Aasen får brei støtte med kommunedirektør Trond Arne Aglen.

– Akkurat no er vår viktigaste oppgåve å legge til rette for at innbyggjarane får og tek imot vaksinetilbodet frå oss. Eg ønskjer ikkje at intensivavdelingane ved sjukehusa skal vere fylt av herøyværingar, understrekar kommunedirektøren.

– Det er trass alt ikkje berre di eiga helse du set på spel ved å lat vere å ta vaksinen, men du set andre i fare. Når sjukehusa våre vert overbelasta med koronapasientar går det utover tilbodet elles i spesialisthelsetenesta. Planlagde operasjonar vert utsette og det tek lenger tid før du får nødvendig helsehjelp. Det er ikkje ein ønskjeleg situasjon for nokon av oss, legg Aglen til.

Styrkar vaksinasjonstilbodet

Herøy kommune styrkar vaksinasjonstilbodet sitt «pronte» og vil ha alle over 45 år til å ta imot oppfriskingsdose så raskt som mogleg for å skape best mogleg beskyttelse i befolkninga.

Allereie torsdag 2. desember tilbyr Herøy drop in-vaksinering frå kl. 15.00–18.00 ved Herøy helsesenter, inngang ved helsestasjonen.

– Kom som du er! Bestilling er ikkje nødvendig denne dagen, seier kommuneoverlegen.

Det vert elles høve å vaksinere seg andre dagar om ein ikkje kan torsdag. Merk at vaksinasjon desse dagane er i kyrkjekjellaren, Herøy kyrkje.


Kommuneoverlegen seier at følgjande grupper er meir enn velkomne til å møte opp for vaksinering no:

– Alle uvaksinerte frå 12 år.

– Alle vaksinerte over 16 år som ikkje har teke dose 2.

– Alle fullvaksinerte mellom 45–64 år: Ta dose 3 (oppfriskingsdose) dersom det er meir enn 6 månader sidan dose 2.

– Alle fullvaksinerte over 65 år: Ta dose 3 (oppfriskingsdose) dersom det er meir enn 5 månader sidan dose 2.

– Alle med immunsvikt som har teke 3 dosar: Ta dose 4 dersom det er 6 månader sidan siste dose.

– Om du har hatt covid-19 bør du ta vaksine etter 6 månader.

Har du særskilde spørsmål om vaksinasjon kan du ta kontakt med koronatelefonen: 469 15 360.