Vanskeleg å rekruttere støttekontaktar i Herøy:

Men tilrår å halde fram med oppdragsavtalar

Kommunedirektøren i Herøy ser ikkje noko tydleg signal om at overgang frå oppdragsavtale til arbeidsavtale vil gi auka rekruttering av støttekontaktar. Han meiner elles at støttekontaktane bør omfattast av ordninga med ulykkesforsikring.

Trond Arne Ag­len: Kom­mu­ne­di­rek­tø­ren i Her­øy fø­re­slår å hal­de fram med opp­drags­av­ta­lar for støt­te­kon­tak­tar i Her­øy.   Foto: Bjørn­ar Torv­holm Sævik/arkiv

Nyhende

Tilrådingane, som lokalpolitikarane i Herøy får til handsaming no, kjem då det over tid har vore krevjande å rekruttere støttekontaktar i kommunen. I lys av dette, har administrasjonen fått i oppdrag å vurdere alternativ til oppdragsavtale og tiltak for å løyse utfordringa med rekruttering. Gitt at Herøy kommune går over frå oppdragsavtalar til arbeidsavtalar, vil ein slik overgang medføre at kommunen får arbeidsgjevaransvar for kring 95 medarbeidarar på deltid.