I dag er det dyrt å lage middag

Om du lagar middagen mellom klokka 17–18 tysdag, vil han vere langt dyrare enn om du ventar nokre timar.

Illustrasjonsfoto  Foto: Pixhere.com

Nyhende

Ifølgje prisoversynet til Nordpool vil spotprisen nemleg vere over 2,6/kWh frå 17-18, mot 1,71/kWh frå klokka 19. Og det er før påslaga frå straumselskapa, nettleige og avgifter. Førre tysdag låg snittprisen på litt over 0,14/kWh.