Gjensidige med åtvaring til bilistar:

Her har det vore hjortepåkøyrslar i Herøy og Sande i 2021

Så langt i år er det registrert 1203 kollisjonar i Møre og Romsdal mellom bil og vilt. Berre i oktober og november er 289 dyr påkøyrt og skada i fylket. No åtvarar forsikringsselskapet Gjensidige

Slik kan det gå: Her ser vi eit døme på korleis ein bil kan sjå ut etter ein viltpåkøyrsel.   Foto: Tom Fredrik Hess

Nyhende

– I tida framover må bilførarar vere ekstra oppmerksame på at det plutseleg kan dukke opp dyr i vegbana. Fleire av dei meir alvorlege ulykkene skjer frå no av og gjennom vinteren, seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.