Fire nye smittetilfelle i Herøy tysdag

Herøy kommune melde tysdag ettermiddag om fire positive tilfelle av covid-19.
Nyhende


Eit av dei stadfesta smittetilfella er elev ved Moltu skule. Føresette og tilsette har fått informasjon om opplegg for testing.

Til saman er det no meldt 55 positive tilfelle sidan 20.11.21. Dei fleste av desse er knytt til utbrotet som starta 15. og 16.11 i Herøy.

Kommunen melder på sine nettsider om omfattande testing for tida, mellom anna i fleire skuleklasser.