Føreslår å avvikle familiestøtte-tenesta

Familiestøtte-tenesta i Herøy vert føreslått avslutta i kommunedirektøren si tilråding til lokalpolitikarane. Innbyggjarane bruker ikkje tenesta, er grunngjevinga.

Il­lust­ra­sjon: Her­øy råd­hus.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Tenesta familiestøtte vart starta opp i 2018 som eit servicetilbod i helse og omsorg. Tenesta har hatt som mål å gi hjelp i heimen i form av familievikar ved spesielle og akutte forhold. No føreslår kommunedirektøren at ein avviklar tenestetilbodet.