Covid-situasjonen gjer at Ålesund sjukehus aukar beredskapen

Adm. dir. Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal slår fast at ein no fryktar fleire innleggingar, og føretaket aukar difor beredskapen ved Ålesund sjukehus.

Helsedirektøren: - Vi følgjer situasjonen tett og gjer fortløypande vurderingar av sjukehusdrifta slik at vi heile tida sikrar eit forsvarleg helsetilbod, seier adm. dir. Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal.  Foto: Kristin Støylen

Nyhende

- Vi har ein situasjon i Møre og Romsdal og særleg på Sunnmøre med ei rask auke i talet på innleggingar av covidpasientar. Planlagd aktivitet går som normalt, men vi fryktar fleire innleggingar og har derfor auka beredskapen ved Ålesund sjukehus, seier Bakke.