2 millionar meir til Runde Miljøsenter i budsjettavtalen med SV

Runde Miljøsenter: Gjekk i spissen for utvikling av marine grunnkart, og no kjem resten av kysten etter. 

Nyhende

Runde Miljøsenter får 2 millionar kroner ekstra etter budsjettavtalen mellom SV og regjeringa. Gladmeldinga kunne stortingsrepresentant for Møre og Romsdal SV, Birgit Oline Kjerstad, sende til havforskar Nils Roar Hareide og resten av gjengen på miljøsenteret då avtalen var signert i går.