Tre nye smitta i Herøy søndag

Søndag kveld melder Herøy kommune om tre nye tilfelle av positive hurtigtestar for Covid-19.

Covid-19-illustrasjon 

Nyhende

- Smittevegane er så langt kjende. Det er sett i verk smittesporing og testing i samsvar med nasjonale retningslinjer, melder kommunen.

Ein av dei som testa positivt i dag er elev ved klasse 7B, Bergsøy skule avdeling Borga.

- Denne eleven har ikkje vore ved skulen sidan 24.11, skriv kommunen.

Kommunen opplyser vidare:

- Som rådd til den 26.11 testar elevane i klasse 7B, Bergsøy skule avdeling Borga, seg med sjølvtest om morgonen før skulestart måndag 29.11.21, avsluttar kommunen.