Nær 300 tiandeklassingar vitja Herøy vgs.:

Slår eit slag for yrkesfag

15-åringar frå heile Søre Sunnmøre hospiterte på Herøy vidaregåande skule førre veke.

På hospitering: Tiandeklassingane Isabell Iversen Skoge frå Larsnes, Kristian André-Hanssen frå Myrvåg og Brage Baade Hasund frå Leikong synest det var kjekt med ein annleis skuledag saman med nokre av naturbruk-elevane ved Herøy vgs. Denne linja er skulen si mest populære, og hadde 75 tiandeklassingar på hospitering førre veke.   Foto: Josefine Spiro

Nyhende

– Eg vurderer å gå Naturbruk. Her har dei ein variert kvardag, og eg likar godt å vere ute.

Isabell Iversen Skoge (15) frå Larsnes har dessutan planar om ein karriere på sjø. Både fiskar, skipper og maskinist verkar spennande, synest ho.

– Alle dei yrka er i slekta, så eg veit litt kva det går i. Og så vil eg gjerne bidra til at det vert meir vanleg med jenter blant sjøfolk, forklarar ho.

Vi treffer Isabell i eit klasserom i dei nyaste lokala til Herøy vidaregåande skule i Nørvågen, der nettopp naturbrukselevane held til. Rundt bordet ho sit ved, finn vi både naturbrukselevar og fleire tiandeklassingar. To av dei er Kristian André Hanssen frå Myrvåg og Brage Baade Hasund frå Leikong.

Kristian synest det er kjekt med ein annleis skuledag, men det er ikkje her han vil gå på vidaregåande, fortel han.

– Nei, eg skal gå elektro. Det bestemte eg meg for for fem år sidan.

Brage er meir usikker.

– Eg synest det er gøy å fare på båtar, og eg har lyst til å bli maskinist. Eg veit ikkje om eg vil gå naturbruk eller elektrofag, seier han.

Heldigvis har han framleis nokre månadar til å bestemme seg på.

Har valt ut to programområde

Prosessen med å velje studieprogram starta med karrieredagar i Volda tidlegare i år. Der var også Herøy VGS representert. Vidare fekk alle tiandeklassingane velje seg ut to programområde dei ville sjå nærare på i form av hospitering på dei respektive skulane.

Om lag 75 tiandeklassingar har valt naturbrukslinja i Herøy som ein av sine hospiteringsdestinasjonar.

Nysgjerrige på kokkefag: F.v.: Natalie Muren (Ulstein), Sandra-Kristin Skjønberg (Herøy), Sofie Vikene Leine (Herøy) og Victor Hjelmeseth (Hareid).  Foto: Josefine Spiro

– Naturbruk er eit veldig populært studieløp. Difor har vi utvida med fleire klassar enn vi eigentleg skal ha, informerer lektor i fiskerifag, Heidi Eikrem. som er med på å ta seg av gjestane denne dagen.

Fekk servert firerettars lunsj

Litt seinare, like før lunsjtid, flyttar vi oss frå avdelinga i Nørvågen til Lisjebøvegen, der sjølve skulen ligg. Kva passar då betre enn å ta ein tur opp til dei som har laga mat?

Rektor Ester Sørdal Klungre viser veg til skulerestauranten, der uniformskledde kokkeelevar nettopp har servert dagens forrett til dei litt yngre gjestane. No sit heile gjengen, både dei noverande elevane og dei potensielt framtidige, og nyt små porsjonar med friterte grønsaker.

– Det er kjempegodt, skryter Sandra-Kristin Sjøberg som er tiandeklassing ved Stokksund ungdomsskule.

Det neste på menyen er heimelaga sushi, før elevane får servert hamburgar til hovudrett og flambert crepe suzette til dessert.

Hyggeleg å få opne igjen

I fjor sette pandemien ein stoppar for det meste, og skulen kunne ikkje ha verken hospitering for tiandeklassingar eller open dag for niandeklassingane.

– Det er veldig hyggeleg at vi no får halde ope igjen. Eg trur det vil føre til at elevane gjer meir realistiske val når dei vel vidaregåande opplæring, seier rektor Ester Sørdal Klungre.

Fire rettar: Elevane på kokk- og servitørlinja har servert tiandeklassingar mat heile veka. Her ser vi kokkeelevar og lærarar saman med torsdagens pulje.  Foto: Josefine Spiro

I år har der vore ekstra mange på hospitering, inkludert mange ungdomskulelærarar.

– At lærarane blir med ser vi på som verdifullt ettersom dei får kompetanseheving om vidaregåande opplæring, seier Klungre.

Yrkesfag gir fleire moglegheiter

Det er naturleg nok den praktiske delen av opplæringa skulen vektlegg å vise fram medan 15-åringane er på besøk. Det er no først og fremst det yrkesfag handlar om. Og likevel ...

– Når du går yrkesfag, har du ein del moglegheiter som mange kanskje ikkje er klar over. Du kan velje om du vil ta fagbrev, få generell studiekompetanse eller både fagbrev og generell studiekompetanse, seier Klungre.

Sushi: Sushi: Éin av dei fire rettane kokkeelevane laga til og serverte tiandeklassingane som kom til dei på hospitering torsdag. 

Med andre ord er det ikkje slik at det valet du gjer for vidaregåande avgjer kva du skal jobbe med når du vert vaksen. Det held å tenkje på kva du har lyst til å styre med dei neste tre-fire åra. Og så er det sjølvsagt litt kult at du kan få «både i pose og sekk».