Kyrkja og oljen

Kyrkjemøtet: Den norske kyrkja opplever for tida at mange melder seg ut, i protest mot kyrkja sitt standpunkt om å seie nei til vidare norsk olje- og gassleiting.   Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

Den norske kyrkja opplever for tida at mange melder seg ut, i protest mot kyrkja sitt standpunkt om å seie nei til vidare norsk olje- og gassleiting. Mange – ikkje minst med tilknyting til offshorenæringa – har gått ut og varsla at dei på denne måten protesterer mot den ferske tilrådinga frå Kyrkjemøtet.

Vi høyrer heime i eit område der kyrkja i alle fall historisk har stått sterkt, og der offshorenæringa har vore og framleis vil vere ein svært viktig del av næringslivet. For oss er difor Kyrkjemøtet sitt kontroversielle vedtak – eller tilråding – ekstra aktuelt. Vi kan for ordens skuld nemne at Kyrkjemøtet sitt vedtak, med Rikke Kopperstad og Olav Myklebust som medlemer frå Herøy og Sande, vart fatta med overveldande fleirtal.

Enkelte meiner kyrkja no blandar seg opp i ting dei ikkje har noko med å gjere, at kyrkja driv politikk, og nokre meiner jamvel at kyrkja burde halde seg for god til å legge seg opp i kontroversielle emne. Kyrkja har ei lang historie med å fronte meiningar og synspunkt, det er det ingen tvil om. I dette tilfellet syner kyrkja til at dei er opptekne av å ta vare på Guds skaparverk.

Til sjølve saka: Det er ikkje slik, som enkelte kanskje trur, at kyrkja har sett seg ned gjort eit enkeltvedtak om at det skal bli slutt på all oljeproduksjon. Det omfattande dokumentet heiter «Mer himmel på en truet jord – Den norske kirkes arbeid med klima, miljø og bærekraft mot 2030». Bakgrunnen er at Kyrkjemøtet i 2017 bad om at sak på dette i 2021. Det er ei større sak der Kyrkja mellom anna går i seg sjølv, for å redusere utslepp. Ein stør seg vidare på nasjonale og internasjonale målsettingar når det gjeld aukande miljøproblem og klimaendringar.

Punktet som har vekt harme mellom enkelte er å be den norske regjeringa lytte til tilrådinga frå IEA-rapporten «NetZero by 2050 – A Roadmap for the Global Energy Sector» om å stanse ytterlegare leiteaktivitet etter olje og gass på norsk sokkel. Vi trur ikkje kyrkja vil ha avgjerande betydning på korleis norske styresmakter bevegar seg vidare i denne saka, men det er heilt klart ein brannfakkel i ein allereie heit debatt.