Ope brev:

Ambulant team Myrvåg og rehabiliteringstilbodet

Myrvåg: - Vi er uroleg for at kvaliteten på tilbodet til brukarane av dei ulike teama i Myrvåg vil bli dårlegare ved ei flytting til Volda, og meiner det beste ville vere om ein heldt fram med basen i Myrvåg. 

Nyhende

Sande kommune er kjende med at Helse Møre og Romsdal er komne langt med sine planar om å flytte Ambulant Team frå Myrvåg til Volda. Vi er uroleg for at kvaliteten på tilbodet til brukarane av dei ulike teama i Myrvåg vil bli dårlegare ved ei slik flytting, og meiner det beste ville vere om ein heldt fram med basen i Myrvåg.

Ambulant team vart i 2018 flytta frå Larsnes til Myrvåg. Argumentet for flyttinga var at Myrvåg ligg i det geografiske midtpunktet i regionen, og at plasseringa ville gje mindre køyretid enn om tilbodet låg i ein utkant – som då var definert som Larsnes, Hareid eller Volda.

Sjølv om det ikkje var ønskjeleg for Sande kommune at tilbodet vart flytta i 2018, så har vi akseptert at både dei tilsette og brukarane har vore godt nøgde med den nye lokaliseringa. Det var viktig at vi fekk behalde arbeidsplassane i nærområdet – mange av dei viktige kvinnearbeidsplassar. Sande har i dag ingen statlege arbeidsplassar att i kommunen!


Helsedirektør og avdelingssjef svarar om flytteplanane for ambulantseksjonen i Myrvåg og Mork:

Står framleis på sitt, men presiserer: - Tilboda skal ikkje leggast ned

- For oss er det viktig å presisere at det ikkje er snakk om å «legge ned» noko tilbod. Vi skal styrke og satse på våre tilbod, både innan psykiatrien og spesialisert rehabilitering.


Gjennom plasseringa i Myrvåg har dei tilsette fått ein god og stabil base, som dei kan bruke når dei skal reise ut til brukarane på besøk. Her er eit godt og stabilt fagmiljø, sjølv om ein i periodar har hatt utfordringar med å skaffe fagfolk til nokre spesialist-stillingar. Ved ei flytting av dette tilbodet til Volda, vil ein miste viktig fagkompetanse og mange tilsette med lang erfaring frå arbeidet.

Ordførar Olav Myklebust (Sande): Myklebust heldt appell under fakkeldemonstrasjonen for Ambulant seksjon 28. oktober.  Foto: Geir Egil Eiksund

Etter vårt syn vurderer ikkje prosjektrapporten andre lokaliseringar enn Volda, og drøftar i det heile ikkje framleis lokalisering i Myrvåg. Vi meiner dette svekker rapporten vesentleg som signal til styret. Det ville vere fullt mogleg å tenkje seg etablering av sterke, lokale fagmiljø her, gjerne i samarbeid med til dømes den lovpålagde kommunepsykolog-tenesta.


Fryktar løpet er køyrt for Myrvåg, og er redde for framtida til Mork

Herøy kommunestyre vil ikkje gi opp kampen om ambulantseksjonen i Myrvåg, sjølv om det no kan sjå ut som at ein styrer mot ei flytting til Volda. Moglege konsekvensar for Mork bekymrar også politikarane.


Sande kommune er også kritiske til planane om å flytte rehabiliteringstilbodet frå Mork til sjukehuset i Volda. Mange pasientar og pårørande har framheva at det gode uteområdet på Mork er unikt for dei som treng opptrening etter sjukdom, og at bygget ligg ideelt til eit godt stykke vekk frå sjukehuset – det gjev dei kjensla av «å vere på veg heim». Vi hadde ønskt at Helseforetaket vurderte nybygg i nærleiken av dagens lokalitet eller andre lokalitetar utanfor sentrumsområdet – framfor å legge eit så viktig tilbod inn i eit tettbygd område ved sjukehuset.

Vi er kritiske til at kommunane i området ikkje har fått høve til å uttale seg formelt før slike omfattande planar kjem til behandling i dei styrande organa i Helseforetaket. Vi meiner viktige omsyn for pasientane både knytte til psykiatrien og til rehabilitering ikkje er tilstrekkeleg utgreidde før vedtaka som skal gjerast.


Støttemarkering for ambulant team i Myrvåg torsdag:

- Alt håp er ikkje ute!

Torsdag kveld arrangerte dei fire kommunane på ytre støttemarkering for ambulant team i Myrvåg. - Alt håp er ikkje ute, sa Herøy-ordførar Bjørn Prytz i sin appell, til applaus frå dei nær 100 frammøtte.


Sande formannskap støttar elles fullt ut uttalen frå kommunestyret i Herøy, datert 11.11.21, om Ambulant team Myrvåg.

Samrøystes uttale frå formannskapet i Sande 23. november 2021.