Fosnavågrevyen gir vekk overskotet frå årets revy:

– Hoppande glade

Tradisjon tru delar Fosnavågrevyen ut overskotet frå årets revydugnad til gode formål i lokalsamfunnet. I år går pengane til to tiltak som begge har som fokus å glede andre.

10.000 kr til Ju­le­gle­de: F.v. Mona Gre­the Rys­se­vik (Olga), Kris­tin Lei­ne, Ragn­hild Dan­bolt Øy­gard, Malene Wol­den, Lisa Lei­ne­bø Pin­hei­ro og Siv Ani­ta Her­man­sen (Hel­ga Fos­na­våg)  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– I år går det til gjengen i «Klede til glede» og deira innsats med konseptet «Juleglede». Vi ønskjer å støtte dei med 10.000 kroner då dette er eit veldig bra tiltak som vi meiner gir tilbake til flest mogleg. Vi gir vidare 25.000 kroner til «Juleball for psykisk utviklingshemma» i regi av Herøy ungdomsråd og Herøy Fritidsklubb.