Journalistprisen Møre og Romsdal 2020:

Vestlandsnytt henta heim to prisar

Fredag kveld var det Journalistpris-utdeling i Fosnavåg. Og Vestlandsnytt henta heim heider i to kategoriar.

Nøgde prisvinnarar: Vestlandsnytt-journalistane Josefine Spiro og Bjørnar Torvholm Sævik.  Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

Norsk Journalistlag Møre og Romsdal inviterte til prisutdeling og middag på Thon Hotel Fosnavåg fredag kveld. Der vart Journalistprisen for året 2020 i kategoriane nyheit, feature og foto delt ut. Dette er dei gjævaste årvisse journalistfaglege utmerkingane som blir delt ut i fylket.