Vennskapsveka på Einedalen skule:

– Ei utfordring til dykk

– Vi utfordrar dykk til å seie hei og vere hyggelege med alle de møter i gangane og rundt om på skulen. Vi utfordrar både elevar og lærarar til å gjere det.

Heldt tale: Elev­råds­leiar Leo Bakke Erlandsen og nest­lei­ar Live Jo­han­na Sævik ei dale for res­ten av sku­len om kor vik­tig venn­skap og det å sjå med­ele­var er. Foto: Jan Hel­ge Lang­berg/Her­øy kom­mu­ne 

Eit vennskap skal tole motgong utan å bli slite, og det vi meina med det er at du skal kunne ha for eksempel ein krangel med ein venn utan å bli uvenner.

Nyhende

Desse viktige orda vart sagt i talen som Leo Bakke Erlandsen og Live Johanna Sævik heldt for heile Einedalen skule på BlimE-dagen 19. november. Dei to er leiar og nestleiar i elevrådet.

Førre veke hadde nemleg Einedalen skule vennskapsveke. Heile skuleveka var full av kjekke, samlande aktivitetar, og elevane vart kjende med kvarandre på tvers av klassetrinna.

– Vi har laga vennskapsarmband, spelt vennespel, leika ringleikar, sunge i lag, dansa, laga oss julegenserar og mykje anna, skriv rektor Jan Helge Langberg på Herøy kommune sine heimesider.

På BlimE-dagen fredag hadde dei «bad-hair» dag, så skulen var full av latter, bustehovud, hårrullar og hanekammar.

Heldt vennskapstale

Alle tok med seg frisyrene sine opp i hallen til ei felles samling, der Leo og Live altså heldt tale:

– Vi har denne veka fordi vi synest det er viktig å hugse på at alle treng ein venn og å bli inkludert.

Vi veit at det kan vere vanskeleg å vere venn med alle, men det går an å ha forskjellige typar venner, for eksempel klassevenner, skulevenner, nabovenner, aktivitetsvenner, og så kan vi ha vanlege venner og bestevenner. Det er fordi du er på same plass til same tid, og det treng ikkje å bety at du er bestevenner med alle berre fordi du går i klasse med dei eller går på trening med dei.

Det kan vere at de går til skulen i lag eller at de er naboar.

Det er ofte sånn at du har lyst til å dele alt til bestevennen din men ikkje alt til klassevennen din, eller at du snakkar om noko dumt som har skjedd til vennene dine, men ikkje til nabovennen.

Det å vere skulevenner eller klassevenner betyr ikkje at de må vere i lag heile tida, men at de er snille og hyggelege mot kvarandre på skulen og i fritida.

Vi i elevrådet har ei utfordring til dykk: Vi utfordrar dykk til å seie hei og vere hyggeleg med alle du møter i gangane og rundt om på skulen. Vi utfordrar både elevar og lærarar til å gjere det.

BlimEdansen: BlimEdansen: Hei­le sku­len dan­sa BlimEdansen i Einehallen fre­dag. Dei har også laga ein You­tube-vi­deo. Foto: Jan Hel­ge Lang­berg/Her­øy kom­mu­ne 

Ein venn er nokon du kan stole på og som forstår deg. Eit vennskap skal tole motgong utan å bli slite, og det vi meina med det er at du skal kunne ha for eksempel ein krangel med ein venn utan å bli uvenner. Du skal også kunne ha andre venner utan at den eine vennen ikkje skal vere vennen din lenger.

Vi trur ikkje det skjer på denne fantastiske skulen vår, men vi vil berre seie at nokon teke vennskap som eit spel. At nokon er verdt meir enn andre, og viss du får fleire venner so rykkjer du opp i level, og då vil dei fleste vere venn med dei som har flest poeng. Dei som då har lite poeng får ikkje då venner.

Vi håper at de lærte noko av det vi sa og at de vil prøve utfordringa, og de må ha ein fantastisk dag vidare. Takk for oss.

Etter å ha lytta til talen, dansa heile skulen BlimE-dansen i lag.

Ta det vidare

– Alle vi på Einedalen skule vil hermed sende utfordringa frå elevrådet vårt vidare til alle i kommunen: Smil og sei hei til alle du møter, avsluttar rektor Helge Langberg.