Då Tor Sivertstøl filma sin siste NRK-serie, opplevde han for fyrste gong i karrieren å bli trua:

– Det var ikkje kjekt, sveitten pipla

Larsnesing Tor Sivertstøl og produksjonsselskapet Tindefilm er i desse dagar aktuelle med TV-serien «Olav på Kvipt» på NRK. No fortel Sivertstøl korleis produksjonsprosessen, av det som er ein nokså uskuldig gladserie, baud på ei heilt ny og skummel erfaring for han som filmfotograf.

Tor Si­vert­støl: Sands­sok­nin­gen og selskapet Tinde­film er ak­tu­el­le med ein ny se­rie på NRK. Den er å sjå på nett-TV og kvar mån­dag i bes­te sen­de­tid fram­over.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Vi er i USA i 2019 – nærare bestemt California. Det er hektiske dagar. Tor Sivertstøl er i full sving med å filme Olav Kvipt, hovudpersonen i den nye dokumentarserien som Tindefilm jobbar med.