Utbrotet i Herøy:

Til saman tolv positive testar torsdag

Torsdag kveld melder Herøy at det i løpet av dagen er stadfesta i alt tolv nye smittetilfelle av Covid-19. Ein av dei smitta besøkte Sunnmørsbadet onsdag kveld, og kommunen ber folk teste seg ved symptom.

Korona , Covid-19 

Nyhende

Etter at utbrotet starta 15.-16. november er det samla talet på smitta kome opp i 32 tilfelle.

I tillegg er det meldt eitt tilfelle knytt til reise annan stad i landet, melder kommunen i pressemeldinga torsdag kveld.

- Eitt av dei siste stadfesta smittetilfella besøkte Sunnmørsbadet i går 24.11 mellom kl. 19.00 - 21.00.

- Alle som var innom der i det tidsromet bør teste seg dersom ein får symptom på Covid-19. Det vert gjennomført smittesporing og testing slik rutinane tilseier, opplyser kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.


Koronasmitta forgreinar seg til fleire skular i Herøy

Herøy kommune har torsdag morgon fått meldt sju nye tilfelle ved covid-19-sjølvtest.


Kommunen reknar med å framleis få meldt positive testar knytt til det pågåande utbrotet.

- Situasjonen er krevjande, og det er viktig at alle som har fått informasjon om at dei har vore i nærkontakt med personar med positiv test er merksame på symptom og gjennomfører sjølvtest for å avdekke vidare smitte.

- Det er bra at vi har oversikt over smittevegane som fører til at vi avdekker nye tilfelle så tidleg som råd er, avsluttar kommuneoverlegen.