På denne vegen er det særskild stor fare for at du møter på hjort

Statistikken talar sitt tydelege språk: Dei som køyrer fylkesvegen frå Årvika til Leikongeidet må vere ekstra varsame i trafikken.

Fylkesveg 61: På denne vegen, frå Leikongeidet og over til Larsnes og Årvika, er det mange viltpåkøyrsler i året. Det har vore mange forslag til korleis ein kan få bukt med problemet.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

I alle fall om dei vil unngå å køyre på hjort. Dei siste tre-fire åra har det vore rundt 40 viltpåkøyrsler på denne relativt korte strekninga. Tala kjem fram i Sande kommune sin nye trafikktryggingsplan som no er lagd ut på høyring.