Koronasmitta forgreinar seg til fleire skular i Herøy

Herøy kommune har torsdag morgon fått meldt sju nye tilfelle ved covid-19-sjølvtest.

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

I ei pressemelding torsdag morgon melder Herøy kommune om til saman sju nye positive Covid-19 testar. Fleire av desse har forgreiningar til skular i kommunen.

Torsdag ettermiddag opplyser Herøy kommune at det i løpet av dagen har blitt gjennomført testing med sjølvtest i følgjande klasser ved skular i Herøy:

– Møre barne- og ungdomsskule, 7 elevar i 10. klasse

– Ytre Herøy ungdomsskule, klasse 8B

– Bergsøy skule avd. Borga, klasse 7B

– Alle desse testane var negative. Så langt har vi altså ikkje påvist spreiing av covid-19 i skuleklassene, melder kommunen.

Også smitte ved Bergsøy skule

Også elevar ved Bergsøy skule, avd. Blåhaugen og SFO har fått stadfesta smitte.

– Elevane som går i klassene til dei smitta elevane, klasse 2B og 4A, har ikkje teke sjølvtest i dag. Dette fordi elevane som har testa positivt, hadde negativ test tysdag og onsdag, og heller ikkje var til stades ved skulen onsdag.

Ved positive sjølvtestar vert dei føresette det gjeld direkte informert.

Får med seg testar heim

Elevane i dei aktuelle klassene får med seg sjølvtestar som dei skal ta før dei møter på skule fredag.

– Det er viktig at desse elevane er merksame på symptom som eventuelt oppstår i helga og testar seg med sjølvtest om så er tilfelle. Dersom dei skal vere med på samlingar/arrangement/idrett og liknande i løpet av helga er det fint om dei tek ein sjølvtest i forkant. Det er tryggande at born har litt mindre risiko for å verte smitta og at dei fører smitten vidare i litt mindre grad enn vaksne, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.

Kommunen oppmoder om å ha låg terskel for å teste seg.

– Sjølv ved berre lette forkjølingssymptom er det viktig at alle tek sjølvtest før dei møter på skule, barnehage, jobb eller andre arrangement.

Arrangement kan gå som normalt

Planlagde kultur- og idrettsarrangement kan gjennomførast i samsvar med plan, skriv kommunen.

– Men hald deg heime om du sjølv berre får lettare symptom. Ta ein sjølvtest om du får symptom. Hald avstand når du er i det offentlege rom. Og vurder kva arrangement du vil vere med på no i helga, seier Aasen.

Innfører ikkje lokale forskrifter

Også dei sju nye positive testane har kjend smitteveg. Det betyr at alle tilfella så langt kan førast attende til utbrotet som starta 15. - 16. november.

– Men med andre samlingar som mellomstasjonar.

Det gjer at kommunen ikkje innfører lokale forskrifter no.

– Trass i fleire positive testsvar i dag, er det ikkje grunnlag for å innføre lokale forskrifter eller endra tiltaksnivå i skulen på noverande tidspunkt. Vi følgjer smittesituasjonen nøye frå dag til dag og vurderer tiltak fortløpande, seier kommunedirektør Trond Arne Aglen.

For dei som ynskjer å skaffe seg sjølvtest opplyser kommunen om at dei kan hentast anten ved teststasjonen ved Herøy helsesenter, Myrvåg legesenter eller på servicetorget på Herøy rådhus.

Følg med på vestlandsnytt.no for siste nytt om koronasituasjonen lokalt.