Tydeleg tale i Sande formannskap:

«– Dette skal på budsjett. Punktum.»

Eit forventa ekstratilskot som fylgje av regjeringsskiftet har skapt ein politisk diskusjon i Sande om korleis pengane eventuelt skal brukast.

Arnljot Muren: Minna om Ungdata-rapporten og fekk banka gjennom fleirtal for forslag om å innføre heil stilling som ungdomsarbeidar.   Foto: Arkiv/Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

På tampen av budsjettdebatten i Sande formannskap tysdag heva Arnljot Muren (Ap) stemma litt, og fastslo: «Dette skal på budsjett. Punktum». Forslaget om å tilsette ungdomsarbeidar i heil stilling fekk fleirtal med fire mot tre stemmer.